Gjennom ulike oppgåver får elevane ved Aurland barne og -ungdomsskule høve til å bidra i lokalsamfunnet, hjelpe til der det trengst og skape gode møte mellom menneske.
Oppgåvene kan til dømes vere praktisk hjelp, enkle oppdrag for frivillige lag og organisasjonar, aktivitetar saman med andre i bygda eller hjelp til med små og store ærend.
Slik innsats betyr mykje – både for dei som får hjelp, og for dei som bidreg. Takk til alle som stiller opp og gjer ein forskjell i Aurland! ❣️